|
Vassvøri Biletarkiv er ei lokalhistorisk biletsamling som skal gje ei verdfull biletleg framstilling av fortida i Vassvøri og sikra fotomateriale om notida for framtida.
Styret i Vassvøri sogelag har vald ei nemnd som arbeider med fotoarkivet.
Sogelaget har tatt over eit fotoarkiv frå Evanger Husmorlag.
Bileta frå dette arkivet er avfotografert og registrert av Voss Folkemuseum. Museet har forstørra og kleba opp nokre av bileta på kartong. Desse bileta er i sogelaget sitt eige.
Filmane til alle bileta er ført over på Foto – CD.
|