|
Sogelagstur 2008 Sogelaget har også i år gleda av å invitera medlemene med på sommartur sundag 22. juni. Turen i år går til Sunnhordland, og eit besøk på Baroniet i Rosendal. Der er det mogeleg å rusla rundt i den store og fine hagen på eiga hand, eller ta del i guida omvising inne i baronibygningen.
Ikkje langt frå Baroniet ligg Steinparken med sine mange fine steinformasjonar. I tilknytning til parken finn vi og Vangssaga, ei gamal oppgangssag som er restaurert og vel verd eit besøk. Det let seg diverre ikkje å sjå saga i operativ drift.
Me har bestilt mat i Baroniet sin hagekafe ”Urtehaven” . Meny: lunsjtallerken med laks, avrundar med kaffi og noko å bita i.
Avreise med god turbuss frå Evanger kl 09:00 og frå Bolstad kl 09:15. Me er heime att på Evanger seinast kl 19:00.
Pris på turen er kr 550,- per person som inkluderar buss og mat. (ferjebillett ikkje inkl.) Denne prisen krev at 30 stk vert med. Får me med oss fleire vil prisen verta noko redusert. NB! Me gjer merksam på at ved færre enn 30 påmelde vil turen verta avlyst.
Påmelding snarast og innan kl 13:00 den 10. juni til: Jon Hjørnevik tlf 56 52 11 82, eller Olav Mestad tlf 56 52 16 50.
God tur!
|