|
Knute Nelson vart fødd i 1842 på Kvilekval i Voss kommune og vaks opp i gamlestova som no er freda. Moren; Ingebjørg vart åleine med sonen og dei to utvandra til USA i 1849 der dei først slo seg ned i Chicago. Etter at mora vart gift flytta familien til Skoponong i Wisconsin, og seinare til Koshkonong. Knute hadde gode evner og gjekk med stor iver opp i skulearbeidet.
18 år melde han seg frivillig til nordstatsida i borgarkrigen, vart såra og tatt til fange. Etter krigens slutt fullførte han sine jusstudiar og vart autorisert sakførar. Han flytta til Alexandria i Minnesota, der han vart vald til Statsadvokat i 1872. Dei vidare omboda hans var guvernør for Minnesota og senator i 5 valbolkar, siste gong utan motkandidat. Knute Nelson vitja Noreg i 1899. Han døydde brått på toget frå Washington til heimen i Minnesota i 1923.
Sogelaget har tilsynet med Knute Nelsonstova, står for omvisning, og skipar til ein årleg ”Knute Nelson –dag”. Forutan sjølve stova har sogelaget også samla mykje stoff om Knute Nelson.
Noko av dette er nytta i ein informasjonfaldar som sogelaget har utarbeidd
|