|
Dokumentasjon av kjøtproduksjon (pylsing) i Vassvøri.
Fram til 1940-åra var det fleire ulike handverk som blømde i Evanger kommune. Det var skomakarverksemd, sying av uniformar, tredreieverksemd, produksjon av sjakkbrikker. leikety- og rokkeproduksjon og pylseproduksjon. Av desse verksemdene er det berre den siste, pylseproduksjonen, som har overlevd. Etter det me veit, er dette det eldste handverket i bygda. Sogelaget har sett det som ei viktig oppgåve å dokumentera soga til desse verksemdene. Det er alt skreve om dette i årsskriftet ”Frå fjell til fjord”.
|