|
Etter å ha vore ein del av Voss herad i 48 år skilde Evanger lag med Voss i 1885 og vart eige herad.
Tingstova som stod andsynes Evanger kyrkje vart teken i bruk som lokale for det nye heradsstyret, og Gullak Johannesson Horvei vart valt til ordførar. Siste gongen det vart halde heradstyremøte i den gamle tingstova, var den 23. mars 1923. 10. april 1923 braut det ut eldebrann i tettstaden på Evanger. Tingstova vart sprengd i lufta for å redda Evanger kyrkje frå logane, noko som óg lukkast.
I åra etter brannen hadde heradsstyret møta sine i skulehuset som var ein av dei få bygningar som ikkje brann ned. Det var tronge tider, og heradsstyret prioriterte andre påtrengjande oppgåver framfor å byggja nytt heradshus; men det vart sett av pengar på nokre budsjett til eit framtidig bygg.
Fyrst 29. november 1937 kunne dei nyvalde representantane i heradsstyret benkja seg til møte i eit nytt heradshus. Den kjende bergensarkitekt Torgeir Alsaker (1875 -1971) teikna huset. Rekninga frå Alsaker var på kr. 350,-. Som ein kuriositet kan nemnast at det var den same sum som vart betalt då Vassvøri sogelag i 1998 fekk kopiert dei gamle teikningane av huset.
Fullt ferdig kosta huset kr. 32.000,-.
I tida etter samanslåinga med Voss kommune har huset vore leigd ut til Voss Sparebank, Posten, Evanger Husmorlag og «Vev kjerringane». I 1997 vart Postkontoret lagt ned.
I 1995 sende fylkeskonservator Gerd Bolstad, Hordaland fylkeskommune, eit skriv til Voss kommune der ho synte til initiativ frå Vassvøri sogelag om å ta vare på heradshuset.
Ho rådde til at heradstyresalen fekk dei gamle stolane og borda attende og sa at det burde vera mogleg å innreia eit kontor i 2. høgda med gamle kontormøblar og kontormaskiner m. v.
« Eit slikt interiørvern vil ikkje forhindra at heradstyresalen kan nyttast til møterom for lag og organisasjonar i Evangerbygda”. I september 1995 sende Vassvøri sogelag skriv til Voss kommune om å få samarbeida med kommunen og Fylkeskonservatoren om vern av interiøra i heradshuset på Evanger.
I juni 1996 vart dette framlegget frå Utval for miljø og kultur, Voss kommune, sett fram: «MKU ber Vassvøri sogelag ta på seg arbeidet med attendeføring av heradsstyresalen til opphaveleg utsjånad - og like eins innreiing av kontor i 2. høgda (Jfr. brev av 18.09.95)».
I samband med Bygdefestivalen i pinsehelga i 1998 kunne ordførar Ragnhild Skjerveggen opna eit nyrestaurert heradshus der heradstyresalen hadde fått attende sin gamle bunad og eit lite kontor var innreidd med utstyr frå dei tidlegare heradskontora.
I kvelven i kjellaren er det installert ventilasjon og her har Vassvøri Lokalarkiv sin arkivplass. I kjellaren er det ein fast utstilling av butikkinnreiinga til dei tidlegare butikkane på Evanger, samt døme på handverkstradisjonar i bygda. I samarbeid med Norsk Handverksutvikling Maihaugen er det òg ei utstilling av trevyrkje. I andre høgda er gjeve plass for Bjørn Rongen utstilling og boksamling. I denne høgda har Vassvøri sogelag òg sitt lagsrom og den del av Evanger Folkeboksamling som ikkje vart flytt til Voss Bibliotek ved kommunesamaslåinga i 1965 finn ein her.
|