|
Forfattaren Bjørn Rongen vart fødd på Evanger i 1906. Han vaks opp i Ronga-huset. Han drog til Oslo for å studera og vart etter kvart forfattar på heiltid. Han busette seg sidan i Drøbak.
Bjørn Rongen sin forfattarskap var vidtrekkande og vesentleg.
Sjølv om Rongen slo seg ned austpå, var mykje av bakgrunnen i bøkene hans henta frå natur og miljø på Vestlandet. Trettiåras økonomiske krise, vonløyse og politiske uro tok Rongen opp i sine samfunnskritiske og satiriske førkrigsromanar.
|