|
Referat frå årsmøtet i Vassvøri sogelag på Evanger 8.mars-09
Atle O.Bolstad opna møtet og ynskte dei 24 frammøtte velkomne. Vaksdal historielag, Voss- og Vossestrand sogelag var inviterte, men møtte ikkje. Til ordstyrar vart Atle valt, Grethe vart valt til skrivar, og Jostein Forthun og Olav Århus skal skriva under protokollen.
Atle hadde eit framlegg til møteinnkallinga: det nye styret tek arbeidet med å setja opp budsjett- det var ikkje innvendingar til framlegget. Grethe las årsmeldinga og den vart godkjend. Etter årsmeldinga viste Atle bilete frå ymse aktivitetar i laget på videokanon. Me fekk sjå glimt frå: -trefelling til demoflåten som skal brukast i skuleprosjektet -Hagaløa, Atle hadde vore på synfaring. Det stod dårleg til med løa og ingenting å restaurera -frå Evangerlaurdagen -Evanger –og Bolstad skular (5.-7.trinn) på Tangen i arbeid med Vossahandelen og synfaring på flåtenaustet -dugnad til Knute Nelsondagen og biletet frå dagen -Geitåni- synfaring -kulturvandring i BKK på Evanger -Evanger – og Bolstad skule (5.-7-.trinn) på ekskursjon i Skipshelleren og på Brørvikskuto der me fekk prøva oss på skjellfangst -tjørebreiing og opphenging av kjetting på flåtenaustet -stokkane til demoflåten -kvelvkarane kosar seg
Rekneskap ved Ragna. Godkjent, men det kom eit spørsmål om det vart betalt moms av ”Frå fjell til fjord.” Det lyt ein finna ut.
Lagspengane skal vera uendra dette året også, kr. 150,-
Ingen innkomne saker.
Val ved Øivind Teigen. Atle O. Bolstad hadde sagt frå seg attval som leiar, ny leiar vart Grethe Finsrud Agerlie. Nye i styret var Leif Akerlie og Kåre Olav Aldal. Ny varamann vart Jan Rasdal. Valnemnd : Birger Brekkhus, Per Eskeland og Jorunn R. Hernes.
Handlingsprogram. Atle gjekk gjennom framlegg til handlingsprogram.Laget har mange store og viktige oppgåver å ta fatt på i 2009. Mellom anna : medtilskipar av årsmøtet til Hordaland sogelag i Eldhus på Evanger,lansering av Bjørn Rongen trilogien på Finse Rallarhelga 14-16.august-09, arbeid med biletarkivet, registrering av stølar, stadnamn og gamle skulehus, Pølseboka- dokumentasjon om pylsing i Teigdalen og Knute Nelson dagen og samarbeid med Jarle Østerbø (løereparasjonar).
Under kaffipausa delte Atle ut blomar til Jorunn som slutta i sogelaget og Ottar Bergstad for godt salsarbeid av sogeskriftet. Øivind Teigen, Per Eskeland, Olav Edal og Knut Hjørnevik i skriftnemnda fekk også blomar for arbeidet sitt. Revisor får ei bokgåve for jobben han har gjort. Til slutt delte Arvid ut ei flott bok til Atle og takka han med gode ord for 10 år som leiar i Vassvøri sogelag. Styret tykkjer det er synd at han lyt gje seg som leiar i laget grunna dårleg helse, men me håpar å kunna dra nytte av kunnskapane hans sjølv om han ikkje sit i styret. Atle takka og fortalte litt om når han i barndommen besøkte besteforeldra på Evange og seinare når han busette seg først på Evanger og seinare på Bolstad.
Etter årsmøtet kåserte Arne Mossefinn om geologien i Evanger-området. Han hadde med seg mange steinprøvar som han sende rundt, det tykte møtelyden var interessant. Som takk fekk han fårepølse frå sogelaget. Den nye leiaren i laget takka for samværet og ynskte alle vel heim.
Bolstad 14/3-09
Grethe Finsrud Agerlie -skrivar-
Underskrift:
_________________________________________________________________________ Jostein Forthun Olav Århus
|