|
Årsmelding Vassvøri sogelag 2007. Årsmedinga i Wordformat
Laget er tilslutta Hordaland sogelag, Landslaget for Lokalhistorie og Landslaget for lokal- og privatarkiv. Øivind Teigen møter i styret for Hordaland sogelag som kasserar. Sogelaget held til i heradshuset på Evanger.
Årsmøtet vart halde i Valhall på Bolstad 4.mars kl.16.00. Det var 37 frammøtte og Kari Mykkeltveit og familien Mestad var gjester på årsmøtet. Etter årsmøtet kåserte Kari Mykkeltveit om farfaren Knut O.Mestad og viste fotosamlinga til farfaren. Det er denne fotosamlinga sogelaget har ført over til CD-ar.
Atle O. Bolstad opna og ynskte velmøtt til årsmøtet. Ein starta med eitt minutts stille for å heidra medlemene Reidar Hernes og Ingvald Århus som var gått bort i året.
Laget har hatt 7 styremøte og 1 medlemsmøte. Medlemsmøtet vart halde 11/11 på nærbutikken på Evanger. Olav Bjørke kåserte og viste bilete frå semesteroppgåva ”Bygningsmiljøet i Evanger sentrum” frå Vestnorsk Kulturakademi .Olav Bjørke gav 3 store plansjar over byggningsmassen i Evangergata. Trass surt haustver møtte 28 personar opp. Laget serverte betasuppe og tebrød. Inngangspengar var kr.30,-.
Laget har fått kr.5000,- frå Voss kommune for å lydsetja CD-en frå kulturminnestafetten. 101 bilete var ferdig lydsette til 10 års-jubileet. Laget har også fått kr 2000,- frå Voss sparebank, eit tilskot til 10-årsjubileet for flåteferda. Frå Voss kommune har laget fått eit tilskot på kr. 10.500,- til vedlikehald av Flåtemuseet. I samband med utlysinga av prosjektmidlar frå Landslaget for Lokalhistorie har laget også fått eit tilskot på kr. 10.000.- til digitalisering av arbeidsheftet for skulevitjing på Flåtemuseet.
Flaum i Geitåni seinhaustes har øydelagt det eine brukaret til den nyrestaurerte Sagabrui. Arne Østerbø har sikra brua. Det har vore synfaring, og Kåre Aldal har kostnadsrekna vølinga..
Saman med kommunen skipa laget til den årlege Knute Nelson-dagen på Kvilekvål 3.juni.Det vart ein vellukka dag med 60 frammøtte i strålande sommarver. Historikar Karl Jakob Skarstein kåserte om ”Knute Nelson i den amerikanske borgarkrig”.Det var omvisning, sal av infofaldar , Knute Nelson-kling, kaffi og saft.
Den årlege kulturvandringa vart i år skipa til på Brekkhus 13.juni. På programmet stod steinkvelvingsbrua Straumabrua, leiketøyfabrikk, kraftstasjon og ungdomshuset Fjelltun, der det vart servert kaffi og god bakst. Det var 35 personar med på vandringa. 16.juni var laget med på Evangerlaurdagen. Det var utlån frå Bjørn Rongen samlinga og i heradstyresalen viste me Mestadbileta. Laget selde også ”Frå fjell til fjord” til redusert pris.
Jubileumssamlinga for Kulturminnestafetten, 10 årsmarkeringa, fann stad 8.juli på Bolstad. Markeringa starta ved Flåtemuseet på Tangen til eit gjensyn med flåten og flåtevennene og litt orientering.. Det vart servert flåtebollar og kaffi kokt på kubbe. Det møtte ca. 30 personar. Markeringa held fram i ungdomshuset med framsyning av foto-CD om Flåteprosjektet, kåseri av Arne Høyland om ”Tankar om ideen bak flåteferda og Flåtemuseet”. Det vart servert betasuppe, kaffi og noko å bita i. Det møtte 50 personar, dette var i underkant av det styret hadde rekna med. I samråd med soknerådet har sogelaget flytta Lensmannsteinen på Evanger og lagt han nedatt til høgre for kyrkjeporten.
Sogelaget har dette året hatt hyppig kontakt med Gyldendal Forlag v/Buset om nyutgjevinga av Bjørn Rongen sin trilogi om bygginga av Bergensbana. Det er 100 års- jubileum for bygginga av Bergensbanen i 2009, der ynskjer Vassvøri sogelag å vera med å markera seg og selja den nyutgjevne Rongen-romanen. I denne saka har laget eit godt samarbeid med Thana og Ole Bjørn Rongen som også ivrar for å få gjeve ut Bergensbanetrilogien.
Sogelagsturen vår gjekk til høgdegarden Holo i Flåm der Lill og Per Dale var vertskap og serverte kortreist og sjølvprodusert spekematbufet .Alle fekk sjå seg om på garden og høyre gardssoga, etterpå var det kaffi og kaker. På heimturen la ein turen innom det nye bryggeriet i Flåm. 24 personar var med på turen. Ein del av våre medlemer har vore med på Hordaland sogelag sin sommartur i vesterled. Studieturen gjekk til Hebridene og Scottland.
Årsskriftet var også i år ute i butikkane i god tid før jol. Skriftnemnda har gjort ein framifrå jobb og tilbakemeldingane på innhaldet frå lesarane har vore gode. Også BT, Hordaland og Vaksdalsposten gav gode omtalar. Salssjef Ottar Bergstad har også i år gjort ein kjempejobb og selt mange årsskrifter.
Vassvøri sogelag er medlem i Den grøne sløyfa. Laget er medlem i styringsgruppa i Trivselsgrenda Bolstad, eit prosjekt under fylkesmannen i Hordaland. Utlånsordninga i Heradshuset har vore i drift i år og, utlånet har vore 18 bøker.
Øivind Teigen er kasserar i Hordaland sogelag. Atle O.Bolstad var utsending til årsmøtet i Hordaland sogelag på Osterøy. Arvid Herfindal var utsending til årsmøtet i Voss sogelag.
Styret i 2007 har vore: Leiar:Atle O.Bolstad Nestleiar:Arvid Herfindal Skrivar:Grethe Finsrud Agerlie Kasserar:Ragna Lønøy Lien Styremedl.Jorunn Ringheim Hernes Vara:Kjellaug Århus og Kåre Olav Aldal
Valnemnd:Øivind Teigen Birger Brekkhus Per Eskeland Revisor:Jarle Fadnes
Kontingenten har vore uendra i 2007. Tal medlemer 111.
Bolstad 13/2 2008
Grethe Finsrud Agerlie skrivar
|