I Evanger var det mange brattlende fjellgardar der høybørene vart bora med børatog. Hovolden med børatog står som kjennemerket for Vassvøri sogelag si heimeside, der verksemda i laget er samla og boret fram for lesarane.

14/12/09 

Velkomen til Vassvøri sogelag

Årsmøtet vart halde i Fjelltun på Brekkhus 8. mars 2009. 33 deltakarar. Årsmelding.

Alle førehandstinga bøkene vert sendt ut etter den  16.august.
Boka kan berre bestillast pr  e-post: ,eller mob.nr 970 32 294
 

Vassvøri sogelag har lagsrom og utstillinger i Evanger Heradshus

Vassvøri sogelag har lagsrom og utstillinger i Evanger Heradshus

Nyhende:

Knute Nelsondagen skal vera i månadskiftet august-september. Les meir>>>

Evangerlaurdag skal vera 6.juni. Les meir>>>

Frå Fjell til fjord - sogeskrift for Vassvøri sogelag 2009 er klart. Framside bilete er av Olav Edal og viser Saghaug 2001. Ellers er det et innholdsrikt årsskrift på 119 sider med lokalhistoriske artikler og bilder.

Frå Fjell til fjord - sogeskrift for Vassvøri sogelag 2009 - Foto: Olav Edal

Atle O Bolstad død

Atle O.Bolstad døydde 4.juni -09 etter lang tids sjukdom og vart gravlagd
på kyrkjegarden på Bolstad 12.juni.Det var ein stor flokk familie og vener
som var møtt fram for å ta eit siste farvel med Atle. Mange gode helsingar
vart bore fram under den fine minnestunda. Minneord

Vassvøri sogelag vart skipa den 5. mars 1993.

Laget er tilslutta Hordaland sogelag, Landslaget for lokalhistorie og Landslaget for lokal- og privatarkiv.

FøremÃ¥let til laget er Ã¥ fremja interessa for slekts- og lokalsoga og kulturvern. Laget  samlar inn, tek vare pÃ¥, og formidlar det som kan fortelja om levekÃ¥ra i grendene gjennom tidene.

Sjølv om røtene går attende til førhistorisk tid med busetnad inst i Bolstadfjorden; medan isbreloket enno låg over storparten av Vossaveldet, har sogelaget til no funne oppgåver i nærare tid.

Desse oppgåvene vil sogelaget at gamle og unge på Bolstad, på Evanger og i Teigdalen skal fatta interesse for, og løysa i aktivt samarbeide.

Laget gjev ut sogebrevet ”Vassvøringen” til medlemene, 3 – 4 gonger i Ã¥ret.

Copyright © 2009 Vassvøri Sogelag Kupedalen 40, 5723 Bolstadøyri - -

[Framsida] [Om laget] [Ã…rsskriftet] [SjÃ¥verdig] [Aktivitetar] [Arkiv] [Innmelding] [Kontakt] [Lenkjer]